fredag 3. april 2009

Ventilasjon og trapperom

Ein liten milepæl blei nådd i dag då vi fekk ferdigkledd trapperommet med gips. Det har vore mykje "pøtarbeid" så det er godt å få det ferdig.
I tillegg fekk vi kobla til ventilasjonsanlegget og prøvekøyrt det. Det så ut til å fungere godt, så sjøl om det måtte plasserast lavare på veggen en planlagt er vi fornøgd.


Trapperommet er no ferdigkledd. Vi har også fått opp det eine repoet.


Repoet i kjellaren skjuler røra til ventilasjonen og vassledningane til toalett i kjellaren og kjøkkenet.


Ventilasjonsanlegg med "Hølforsyvinga" montert. Har du behov for badehette så kan du få dei som er montert på utblåsninga, eg har ikkje behov for den.


Dei feite lydfellene er benda og går inn i veggen.

Ingen kommentarer: