torsdag 2. april 2009

Trapp og ventilasjon

Litt ymse arbeid i dag. Trapp, ventilasjon og rydding...


Første kapittel av trappa blei starta på i dag. Her skal det første repoet vere.


Takstøtta i 3. etasje er på plass


I morgon kjem sveisekongen sjølv, Kåre Magne, og sveisar fast støtta i H-bjelken.


Vi fekk Jens Arne på Wullum AS til å lage ei løysning som forskyvde holet ut frå ventilasjonsanlegget slik vi fekk montert på dei feite lydfellene. Utan dette var der ikkje plass.


Forskyvninga på plass, no får vi på ei lydfelle på røret til høgre.

2 kommentarer:

Svein og Nette sa...

Eg har samme aggregat og kjem sikkert bort i samme problemet med ventilasjonen.. Må lydfella (Ø200) stå heilt inn på aggregatet? Eg hadde tenkt å gå med flexirør et lite stykke ut slik at eg fekk på fellene. Er ikkje det "lov"

Trond sa...

Lydfella treng nok ikkje stå heilt inn til aggregatet men med oss måtte dei det pga plassmangel. Skulle røra gå rett opp gjennom taket hadde vi hatt på dei medfølgande flexirøra men sidan vi skulle inn i veggen med dei måtte vi gjer det på denne måten.