fredag 17. april 2009

Påskeferie

Vi har hatt påskeferie men er i full gang å jobbe igjen no. Vi jobba også i påska, men ikkje dei raude dagane og påskeaftan.
Eg har problemer med internett heime så eg får ikkje lasta opp bilder no, men dette er forhåpentlegvis fiksa over helga.
Men det som har blitt gjort i det siste er:
Kledd ferdig heile stua med gips, senka vinduet i trappa, laga høl i q-dekket til pipa, kledd brua med gips, laga til for inspeksjonsluker der modem og router skal plasserast, laga til inspeksjonsluke der antenneforsterkeren til tv'ane skal vere. I tillegg har Straumsheim AS vore å bytta eit vindu der sprossane var feilplassert.
Eg har også fått vite frå Energi-Spar at vi har fått landes første Ekowell varmepumpe der alle sirkulasjonspumper er av typen Klasse-A, altså straumbesparande.

Bilder kjem over helga.

Ingen kommentarer: