tirsdag 31. mars 2009

Installasjon av varmepumpe

Mandag blei varmepumpa installert av Bjørn i Energi-Spar. Den er no operativ og klar til å koble på kursane som skal gå rundt i huset. Freezeum til brina er fyllt opp og der går sirkulasjonen. Tanken på 360 liter er fylt opp og oppvarma. Pumpa står og går no sjølv om ikkje kursane er kobla til, dette for å få igang sirkulasjonen og få ut luft i røra som går ned i brønnen.


Ekspansjonstank for brønnkursen oppe til høgre. Sirkulasjonspumpene er dei grøne du ser inne i skapet.


Røra til brønnen er kobla til. Boksen som er kobla til kursen til bada er ein Elysator som hindrer smuss og groe i røra. Sidan vi har denne kan vi ha reint vatn i røra inne i huset og difor ha lågare temperatur enn om det var frostveske i dei. Elysatoren er ikkje festa, den er bare satt på for syns skuld. Den skal ikkje stå sånn på skakke.

mandag 30. mars 2009

Straffer på Anfield

Det er mange som vil sjå videoen av meg og Jan Halvard som tek straffer i pausa på kampen mellom Liverpool og Aston Villa (5-0) så eg legg den ut her. Har lite med bygging og gjer men sidan det er min blogg så gjer eg som eg vil ;-)

Vi stiller i grøne (store) bortedrakter og vi fekk heile settet til odel og eie. Det skal innrammast og henge på TV-stua i kjelleren der eg skal sete å sjå Liverpool håver inn titler i åra som kjem.


Det er bror min Jens Arne som er bak kamera (eit kompakt fotoapperat) og han og min andre bror Lars Petter sat på The Kop når eg var ut på bana og blei tomålskårer.

søndag 29. mars 2009

Gips i trapperom

Fruen og eg spaserte opp i huset i dag og tok nokre bilder og inspiserte kva far hadde gjort i går når eg jobba med rekneskapet til Liverpooltur.no. Han hadde satt opp halvveggen mellom brua og 3. etasje og platekledd denne.


Vegg mellom 3. etasje og brua er no på plass.






Trapperommet med det øvste vinduet. Repot for trapp vil kome under dette.

onsdag 25. mars 2009

Tilbake til kvardagen

I går var vi tilbake med jobb og husbygging igjen, etter ein fantastisk tur til Liverpool der eg og min kompanjong i Liverpooltur.no, Jan Halvard Holmøy var ut på matta i pausa og tok to straffer kvar mot sjølvaste The Kop. Dette var enormt stort for oss og var eigentleg ein bisarr opplevelse, aldri før har vi vore framfor nesten 45 000 personer. Det var deilig å dunke inn begge straffene, og få applaus fra The Kop er noko eg aldri vil gløyme. At Liverpool banka Aston Villa 5-0 gjorde dagen komplett. Men sjølv om eg på langt nær har landa er vi tilbake til kvardagen no.

Gårsdagen gjekk med på å kome igang igjen med å platekle veggane. I tillegg var Målermester Lindvik i gang med å sparkle romma vi var ferdig med, noko han fortsatte med i dag. Vi har no starta å platekle trapperommet og starta med det ovanfrå.
I dag fekk vi også lampar frå Deltalight og vi vil no plassere dei så eletrikeren kan gjere seg ferdig så vi får platekle.
I dag kom også varmepumpa, eit beist frå Ekowell i Finland på 330 kg. Heldigvis har eg gode kompiser som kom og hjalp meg med å få inn beistet, noko som gjekk overraskande lett. Kjekt med god hjelp!


Marius, Arild, eg og Lars Petter dreg varmepumpa opp bakken med Geir Helge gøymer seg bak den.


Varmepumpa på plass. Dette er ei Ekowell EVT 500, ei vatn-til-vatn pumpe.

onsdag 18. mars 2009

Gips ved brua

I kveld blei vi ferdig med å kle veggen mot verandaen i 2. etasje. Denne veggen gjeng opp til takvindua i 3. etasje og er over 2 etasjer, så det utgjorde ein stor forskjell å få denne kledd.
Vi har også fått "dytta" ein del av vindua i 2. etasje som no er ferdig isolerte.


Veggen mot sør med takvindu og utgang til altan i 2 etg.


Veggen mot sør på laurdag, før vi fekk kledd den. Trapp ned til brua til høgre.


3. etasje er no snart klar til sparkling og maling. Einaste som gjenstår her er platene rundt vindu og dører..... + litt rydding.

lørdag 14. mars 2009

Kort dag i huset

I det siste har vi jobba med montering av ventilasjonsanlegget og kleing av gipsplater.
Far og eg rakk å bli ferdig med å kle tak og vegger i 3. etasje før vi avslutta for å rekke fotballkampen mellom Liverpool og Man. Utd.

Sidan far er Unitedfan skal eg ikkje hovere så mykje, vi Liverpoolsupportere veit at hovmod står for fall, men syns kommentaren til Steven Gerrard til Sky Sport etter kampen oppsummerte det bra. "It's good to come here and wipe the floor with them" :-)


Taket i 3. etasje torsdags kveld. Plast før plater, heilt etter boka.


Vi har eit lite problem med å få kobla lydfellene til aggregatet (Systemair VR-700 DCV) sidan lydfellene er 25 cm i diameter og avstanden mellom dei 20 cm utgangane på aggregatet bare er eit par cm. Vi har dårleg med plass så vi må få laga ein overgang, som tek liten plass, så vi klarer å forskyve eine utgangen nokre cm utan at det gjeng utover arealet i røret.
Sentralstøvsugaren (Foma 1900w) vil stå ved sidan av ventilasjonsaggregatet i ei bod i kjellaren.

søndag 8. mars 2009

Gipskledning

I det siste har vi jobba med å få gipsplatene på plass på vegger og tak på soverom i 2. etasje.


Emilie tester ut ei prøve på bambusgulv i 3. etasje.


Soverom i 2. etasje ferdig kledd.


Walking Closet


Emilie og meg var bort i skogen og henta noko rusk vinden hadde tatt med seg. Sett frå soverommet.


Koblingskap for vannboren varme i 2. etasje. Denne skal forsyne stue, kjøkken og 3. etasje. Legg merke til klasen med trekkerør ovanfor skapet, dette er til TV signal. Sidan vi legg opp til TV i alle rom må det vere tilsvarande rør ut til parabol, og eit par ekstra om det skulle kome noko nytt på TV-fronten som treng rør..

onsdag 4. mars 2009

Gipsplater

Eletrikaren har i det siste jobba med å legge opp trekkerør for TV, data, brannvarslar og straum. På soveromma i 2. etasje er alt dette no på plass og vi har difor starta med å få opp gipsplatene.


Takplatene og ett par veggplater er på plass på "Masters Bedroom".


Spikerslaga vi festar gipsplatene til er montert på toalettet i kjelleren. Her skal taket vere nedfora for å få plass til ventilasjonen. Her skrur vi berre gipsplatene rett i metallet, og det set som berre juling. Samme metode vil bli brukt alle plasser for å binde vegg og takplater skikkeleg saman.


Vi har også fått satt opp røra til sentralstøvsuger. Vi klarer oss med eit uttak pr etasje så det blir ikkje fleire enn tre tilkoblingspunkt for slangen. Dette er plassert ved sidan av trappa, som igjen er midt i huset. Støvsugaren vil stå i samme bod som ventilasjonsanlegget.


Vi har laga ein boks for innebygging av ramma til toaletta. Denne har så blitt påsmørt membran før sjølve ramma har blitt festa.

mandag 23. februar 2009

Dugnad

I kveld har vi hatt dugnad i huset for å få gipsplatene i hus. Oddbjørn, Marius, Kjellbjørn, Jens, Lars og far hjalp til å bere inn platene som Cato fra Thermotank kom med. Han krana dei opp til verandaen i 2. og 3. etasje så vi fekk bere dei rett inn.

Eg tok to bilder av karane etter jobben var gjort, men eg har ikkje hjarte til å legge ut bilda da 3 av karane ikkje såg ut som dei var heilt god. Tek ikkje sjansen på noko søksmål.

Sidan vi hadde kranbil på plass fekk vi heisa opp peisen også.


Platene ligg klare på spisestua. Så snart det eletriske er på plass vil vi starte med å montere dei.


Marius tek imot peisen på verandaen.


Peisen står på plassen sin, rett ovanfor røret for tilluft. Peisen er ein Rais 2:1 med dører på begge sider.

lørdag 21. februar 2009

Trekkerør, flislegging og spikerslag

Før helga kom vi i gang med det eletriske arbeidet i form av installering av trekkerør til data og TV. Til uka vil det bli lagt opp rør til brannvarslingsystem samt det eletriske ledningsnettet. Det er eletriker Brekke AS som står for denne installasjonen.

Murmester Kjøsnes har flislagt ein del av teknisk/vaskerom slik vi kan få inn varmepumpa når den kjem om 12-14 dager. Det må fugast før vi kan få inn denne.

I dag har far fått på spikerslag som vi skal feste gipsplatene i. Vi har ikkje tenkt å ha noko takliste eller lister rundt vindu så da vil det fungere med disse vinkeljerna å skru fast gipsplatene i.


Vinkeljern montert for innkleing av drager.


Vinkeljern montert så her er det bare å feste gipsplatene.


Her er det bare å fuge og så er det klart til å sette inn varmepumpa. Forhøyninga til venstre er for trykktanken til drikkevatnet. Drikkevatnet kjem opp av golvet ved siden av.

søndag 15. februar 2009

Utforing, Skyvedører og eit lite branntilløp

Den siste veka har gått med til isolering, utforing av vegger på bad og å satt på plass nokre skyvedører. Pga influensa har det vore litt mindre arbeid enn ønska sist veke, men forhåpentligvis blir neste veke bedre.
Utforingane på bada inneber ein del arbeid men vi trur resultatet kjem til å bli veldig bra.


Dusjen blir til venstre med ei hylle innfelt i veggen. Det vil også vere ei innfelling ovanfor badekaret som vil vere til høgre. Blandebatteriet vil vere inne i denne hylla.


Innfelt hylle på badet i kjellaren. Under hylla vil baderomsinnreiinga kome og denne vil skjule koblingskapet for vatn som er vist her. Ovanfor hylla vil det kome eit stort speil.


Skyvedør mellom trapperom og gang i kjelleren.


Skyvedør mellom entré og kjellerstue.


Skyvedør mellom stua og gang.


H-bjelkar vil bli kledd inn.


Vassrøra for kjøkkenet er på plass. I det ekstra holet vil der kome eit vassrør til oppvaskmaskina. Dette røret vil kome direkte fra varmepumpa og vil ha forvarma vatn.

Denne lampa sto og lyste nede i kjellaren for seg sjølv då far ved ein tilfeldigheit oppdaga ein åpen flamme ut av kontakta. Han nappa ut ledninga og da slokna også brannen. Dette er ei billig lampe og har du samme sort så ikkje forlat den med straumen på. Vi har brukt å berre slå av lyset med ein bryter på baksida av lampa så hadde dette skjedd når der ikkje var folk i huset så kunne det gått riktig gale. Flaks at vi var der!

søndag 8. februar 2009

Isolering av tak og yttervegger

Av forskjellige grunner har eg vore veldig sløv med å oppdatere bloggen, beklager dette. Det er ikkje byggestans, heller bloggestans.
Vi har fått opp alt av innervegger no, og held på med utforinger på bad og toalett. Vi har også fått isolert mesteparten av ytterveggane og tak, berre litt småtteri igjen.
Det er ein del utforingar og integrerte hyller på bad og toalettet i kjellaren. Dette er ei utfordring å få til men ikkje nokon umogleg oppgave for ein god snekkar (les: far)
No er alt klart til eletriker og forhåpentlegvis så er han snart klar.




Skråtaket i trapperommet er ferdig isolert med 30 cm Rockwool.



Dette er rett ved inngangsdøra og her har vi laga ein liten huk til kle og sko.


Toalettet i kjelleren vil bli plassert inn i ramma. Ovenfor vil der kome eit skap som er integrert i veggen, og under skapet ei integrert hylle. Dette partiet er kledd med ei gipsplate.


Integrert hylle i den utfora veggen på badet i kjellaren. Koblingskap for vatn er på plass og vil bli skjult bak baderomsinnreiinga.


Vi har fått lånt ei dør fra Vad-bygget på Aure.

søndag 25. januar 2009

Isolering i kjelleren

Sjølv om eg har glimra med mitt fråver så har det skjedd mykje i huset den siste veka. Arne var der å jobba saman med far og Lars Petter på laurdag og dei har fått opp isolasjon på kjellerstua, lekta tak, satt i sluk og laga til lufting for peis.


Taket i kjellerstua er isolert og lekta.




Luftekanal til peisen på stua, sett frå kjellaren. Denne går rett ut veggen og blir liggande under dekket på verandaen, godt skjult.

onsdag 21. januar 2009

Kjeller

Sjølv om eg har vore lite aktiv denne veka, og kjem til å bli det ut veka, så har far gjort mykje godt arbeid i huset. Han har blant anna fått opp veggplater på veggen der varmepumpa skal stå på teknisk rom slik at vi kan flislegge dette partiet og få inn pumpa. Vi kan ikkje sluttføre rommet før rør i alle golv er på plass, men sidan vi vil ta pumpa i bruk i kjellaren så klargjer vi alt rundt pumpa no. I tillegg så har han begynt med rominndelinga i kjellaren.


Dei svarte røra opp fra golvet kjem frå energibrønnen. Det framom er sluken. Det nederste grøne røret er kaldevatn inn til varmepumpa, og det øverste er der varmevatnet vil gå ut.
Ekowell har to uttak for varmevatn, eit for varmt og eit for lunka. Dette har eg gløymt å fått klarlagt oppdaga eg her no..... Der må vere eit uttak til på 140cm frå golvet, men korleis skal man blande det varme og det lunka vatnet? Dette må eg finne ut av.


Lars Petter har laga ei svært så ryddig kobling for vatnet.


Veggen mellom garderobe, toalett og kino er satt opp. Kino vil vere der isolasjonen ligg, der dissa blå sekkane og bukken står vil det kome boder. Der røra er og spikerbelte til far ligg vil toalettet vere, og der lampa står kjem garderoba tilknytta hovudinngangen. I boda bak toalettet vil ventilasjonsanlegget stå, så her blir det ein del rør til i tillegg til dei to som visast her.

lørdag 17. januar 2009

Skyvedører

Fredag blei skyvedørene til "Hagestua" i kjelleren montert, og med dette er alle vindua på plass. Vi har også fått opp alle stenderane til veggane i 2. etasje og vil over helga starte med det same i kjellaren. Lars Petter er også godt i gang med rørleggerarbeidet og fått på plass det meste av vanntilførsel til badet i 2. etasje og tekniskrom/ vaskerom.


Skyvedører på plass. Alle tre blada kan skyvast så vi kan velge kvar åpninga ut blir.


Dei nye vindua sett innanfrå. Pallane som ligg på garasjetaket held på plass duken som ikkje er festa enda.


Skyvedørene og det nyslipte golvet. Fin kombinasjon :-)


Utstikket på stua kom meir til sin rett no når vindua nede også er på plass.


Bruder'n er godt i gang med rørleggerarbeidet.


For å unngå ein kant på veggen ned mot utstikket så har vi lekta ut veggen for å få den rett og fin. Dette gjer også eletrikerarbeidet lettare sidan vi slepp å slisse ut Bewien.